Jostedalsrypa er velkjend i Noreg. Segni om den vesle jenta frå Bjørkehaug som var einaste overlevande i Jostedalen etter Svartedauden har vore tema for både bøker og filmar.



Då Brevegen starta båttrafikken over Brevatnet, var Jostedalsrypa eit naturleg namneval på den fyrste båten. Han tek 24 passasjerar, og pendlar kontinuerleg mellom parkeringsplassen og Nigardsbreen kvar dag i sesongen.



Alt etter korleis smeltinga er om våren, startar båtsesongen mot slutten av mai, og held på til 1. oktober. I høgsesongen går det to båtar, MS Jostedalsrypa og MS Vitlerypa.

Det er ikkje råd å tinge plass på båtane, og dei har ingen fast timeplan. Det er berre å møte opp ved bryggja, og båtane køyrer att og fram så snøgt det let seg gjere.



Enkelte avgangar vert fort fyllt opp av folk som skal vere med på dei daglege breturane til Jostedalen Breførarlag.


Informasjon Jostedalen

 

© 2018 by Brevegen AS