top of page

Nigardsbreen er ein av dei mest vitja brearmane på Jostedalsbreen. Han er lett tilgjengeleg, og i meir enn femti år har det vore organiserte turar her, med høgt kvalifiserte breførarar.
Heile Jostedalsbreen er verna, gjennom opprettinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark i 1991, og endå tidlegare Nigardsbreen Naturreservat.
Breen er stendig i rørsle, og sig nedover dalen som ei elv i sakte film. Smeltinga i fronten gjer til at veksten ikkje vert så stor som rørsla tilseier, men når det er ubalanse mellom rørsle og smelting, vil breen anten vekse eller minke. Forskarar forventar at breen kan koma til å trekke seg tilbake 300 meter dei neste fire åra.
Informasjon Jostedalen
bottom of page