top of page

Brevegen er namnet på vegen som startar ved grensa til Nigardsbreen Naturreservat. Den grensa markerer også inngangen til Jostedalsbreen Nasjonalpark.



Vegen vart bygd i 1958 av selskapet vårt, Brevegen AS. For å vedlikehalde vegen og anlegga våre er det ei moderat avgift å betale for å køyre dei tre kilometerane.



Landskapet som vegen går gjennom er svært interessant. I 1743, då Nigardsbreen var på sitt største i den Vesle Istida, låg isen over heile vegstrekninga. I dag ser du dei store morenevollane som isen la att etter seg.



Vitskapsfolk frå heile verda studerer her ulike prosessar, som til dømes plantesuksesjonar etter at isen trekte seg attende. Breheimsenteret, som ligg tett inntil 1743-morena, har omfattande utstillingar om naturen her.

Frå den romslege parkeringsplassen ved Brevatnet går båtane våre, MS Jostedalsrypa og MS Vitlerypa. Med den kjem du over vatnet og heilt inn til Nigardsbreen.



Informasjon Jostedalen

bottom of page