Vegen til breen er normalt open frå april til oktober.

Jostedalen og Jostedalsbreen er av dei mest verdsette turistmåla i landet vårt. Den mest kjende brearmen i Jostedalen er Nigardsbreen.

 

Det er hit Brevegen AS ynskjer deg velkomen. Brevegen AS er ei reiselivsverksemd i Jostedalen i Sogn.



Mellom Breheimsenteret og Nigardsbreen driv me ein bomveg, over 3 km lang, og båtskyss på Brevatnet med båtane MS Jostedalsrypa og MS Vitlerypa.

 

Vegen går gjennom eit svært interessant morenelandskap, der isen låg fleire hundre meter tjukk på 17- og 1800-talet. Alt dette og meir til kan du lære om i Breheimsenteret.

 

Båten MS Jostedalsrypa, som ber namnet åt ei særs kjend jente frå Jostedalen, tek 24 passasjerar. Sesongen varer frå slutten av mai til 1. oktober. I høgsesongen går begge båtane.

 

Ved å køyre bomvegen og følgje båten over, kjem du heilt inn til den imponerande fronten av Nigardsbreen, og du kan vere med Jostedalen Breførarlag på bretur.

 

På desse sidene vil du kunne finne ut at Jostedalen er verd ei vitjing. Du er alltid hjarteleg velkommen!

 

Treng du meir informasjon, sjekk ut linkane på sida eller ringe turistinformasjonen på 57683250.

Informasjon Jostedalen

Galleri - Jostedalen

To play, press and hold the enter key. To stop, release the enter key.

press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom