Framsida
Vegen
Båten
Breen
Prisar
Kart
e-post
Brebussen
Info Jostedalen

Alt om Sognefjorden
Brevegen AS deutsch english 6871 Jostedal Info tlf 57683250 E-mail

Nigardsbreen er ein av dei mest vitja brearmane på Jostedalsbreen. Han er lett tilgjengeleg, og i meir enn tjue år har det vore organiserte turar her, med høgt kvalifiserte breførarar.

Heile Jostedalsbreen er verna, gjennom opprettinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark i 1991, og endå tidlegare Nigardsbreen Naturreservat.

Breen er stendig i rørsle, og sig nedover dalen som ei elv i sakte film. Smeltinga i fronten gjer til at veksten ikkje vert så stor som rørsla tilseier, men når det er ubalanse mellom rørsle og smelting, vil breen anten vekse eller minke.

Frå 1980-talet har Nigardsbreen vakse mykje, men etter 2003 har veksten avteke, og det er venta litt tilbakegang dei kommande åra. Likevel vil Nigardsbreen minke mindre enn dei fleste brearmar, fordi breen er lang og stor, og reagerer seint på endringar i klima og snømengder.


Informasjon Jostedalen