Framsida
Vegen
Båten
Breen
Prisar
Kart
e-post
Brebussen
Info Jostedalen

Alt om Sognefjorden
Brevegen AS deutsch english 6871 Jostedal Info tlf 57683250 E-mail

Jostedalsrypa er velkjend i Noreg. Segni om den vesle jenta frå Bjørkehaug som var einaste overlevande i Jostedalen etter Svartedauden har vore tema for både bøker og filmar.

Då Brevegen starta båttrafikken over Brevatnet, var Jostedalsrypa eit naturleg namneval på båten. Han tek 24 passasjerar, og pendlar kontinuerleg mellom parkeringsplassen og Nigardsbreen kvar dag i sesongen.

Alt etter korleis smeltinga er om våren, startar båten sesongen i fyrste halvdel av juni, og held på til omkring 1. september.

Det er ikkje råd å tinge plass på båten, og han har ingen fast timeplan. Det er berre å møte opp ved bryggja, og båten køyrer att og fram så snøgt det let seg gjere.

Enkelte avgangar vert fort fyllt opp av folk som skal vere med på dei daglege breturane til Jostedalen Breførarlag.


Informasjon Jostedalen