|
Jostedalen og Jostedalsbreen er av dei
mest verdsette turistmåla i landet
vårt. Den mest kjende brearmen i
Jostedalen er Nigardsbreen. Det er hit
Brevegen AS ynskjer deg velkomen.
Brevegen AS er ei reiselivsverksemd i Jostedalen i Sogn. Mellom
Breheimsenteret og Nigardsbreen driv me ein bomveg, over 3 km lang,
og båtskyss på Brevatnet med M/S Jostedalsrypa.Vegen
går gjennom eit svært interessant morenelandskap, der
isen låg fleire hundre meter tjukk på 17- og 1800-talet.
Alt dette og meir til kan du lære om i Breheimsenteret.
Båten, som ber namnet åt ei særs kjend jente
frå Jostedalen, tek 21 passasjerar, og sesongen varer frå
omtrent 10. juni til 1. september. Ved å køyre bomvegen
og følgje båten over, kjem du heilt inn til den imponerande
fronten av Nigardsbreen, og du kan vere med Jostedalen Breførarlag
på bretur.
På desse sidene vil du kanske finne
ut at Jostedalen er verd ei vitjing. Du
er alltid hjarteleg velkommen !
Treng du meir informasjon, er det bere
å sende ein E-post eller ringe turistinformasjonen
på 57683250 eller 57685508.
|